Hugs å melda inn misdanningar
Medfødde misdanningar er utviklingsfeil som skjer i fosterlivet.
Rapportering ved misdanning oppdaga etter at kalven er rapportert i Kukontrollen Send e-post til: Rannveig.Farestveit@geno.no
Det er svært viktig at alle misdanningar vert registrert inn slik at ein raskt kan oppdaga dersom enkeltoksar skulle vore bærar av ein genetisk defekt.
Årsakene bak misdanningar vera mange
Kromosomfeil som oppstår tilfeldig i fosterlivet
Arvelege defektar som skuldast den genetiske arven frå mor, far eller begge to
Infeksiøse agens (bakteriar eller virus) - slik som det dagsaktuelle blåtunge-viruset
Mangel på somme mineralar eller vitaminar
Plantegifter
Alt frå embryodød til levandefødd kalv
Nokre av utviklingsfeila kan føra til død allereie i fosterlivet. Då kan ein få tidleg embryodød, fosterdød/kasting eller mummifisering av fosteret («steinfoster»). Andre misdanningar kan kalven fødast med. Somme av desse vil ikkje samsvara med liv. Slike kalvar døyr enten like etter fødsel, eller må avlivast etter kort tid. Andre mindre misdanningar kan kalven leva vidare med.
Viktig at alle misdanningar vert registrert
Sidan misdanningar generelt førekjem i låg frekvens i storfepopulasjonen, vert det ikkje rekna nokon avlsverdi for desse eigenskapane. Det er likevel svært viktig at alle misdanningar vert registrert inn slik at ein raskt kan oppdaga dersom enkeltoksar skulle vore bærar av ein genetisk defekt. Me ynskjer at både små og større misdanningar vert registrert. Sjølv mindre misdanningar kan føra til negativ påverknad på produksjon og dyrevelferd.
Rapportering i kukontrollen eller til geno
I Kukontrollen vil ein ved registrering av ei kalving kunne rapportera inn misdanninga med det same. Dersom misdanninga ikkje vert oppdaga før etter at kalven er rapportert inn, får ein ikkje endra dette i Kukontrollen sjølv. Då oppfordrar me til å senda oss i Geno denne informasjonen, slik at me får registrert dette inn i overvåkingssystemet vårt.